| | | |
Uploading ....
Raudt Voss
sitt Program 2007-2011
Raudt
er eit nytt parti som vart stifta 11. mars 2007 av RV, RU, AKP og
tidlegare partilause. Av valtekniske årsaker nyttar partiet namnet Raud
Valallianse fram til fyrste oktober 2007.
Yt etter evne – Få etter behov!
Det viktigaste
verktøyet for utføringa av Raudt sin politikk, er folk sin eigen
innsats. Difor må folk sjølv ta tak i saker. Me har ingen tru på at
byråkratiet og politikarane åleine kan snu samfunnsutviklinga eller å
laga ein politikk som er utforma for å gagna folk flest. Raudt vil sloss
for eit samfunn der folk aktivt er med å styra sin eigen kvardag, eit
samfunn der folk yt etter evne og får etter behov!
Kultur
Raudt ynskjer auka satsing på
kultur gjennom
offentleg stønad.
Raudt Voss vil kjempa
for:
Styrking av biblioteket
auka satsing på kulturskulen
auka
bevilgningar til iddrottslag, og andre som tilbyr fritidsaktivitetar
for born og unge.
Miljø
Dei
menneskeskapte klimaendringane er ei stor utfordring. Voss kommune må
ta sin del av løftet for å snu utviklinga:
Raudt Voss vil:
-
Bygga fjernvarmeanlegg i sentrum, basert på varme frå grunnvassanlegg
eller bioenergi.
- Sørgja for at det vert utarbeid klimarekneskap
for avdelingane i kommunen, og at alle tiltak som kan redusera utsleppa
vert vurderte.
- Laga lokale ordningar som stimulerar og hjelper
folk til energisparing og reduksjon av utslepp.
- Utarbeida ein
lokal klimahandlingsplan, for lågare energibruk og lågare
klimagassutslepp.
Skule
Raudt
Voss er for ein skule som set kunnskap i høgsetet. Skulevesenet må ha
som mål å danna elevane til kritiske og handlingsdyktige menneske. Det
kan ein berre gjera ved å formidla kulturarven så breitt og djupt som
råd er, på tvers av alle ismar og ideologiar. Dei tre siste tiåra har
nyliberalismen prega samfunna i den rike verda. Det har gjeve
utdanningsreformer som i aukande grad øydelegg kvaliteten på opplæring
og
oppseding. Nyliberalisme reduserer kunnskap til teknisk
kompetanse,handling til manipulerbar åtferd, elevar til økonomiske
innsatsfaktorar og kultur til kostnadstung ulempe. Raudt Voss er sterke
motstandarar av denne tendensen
Raudt Voss vil:
Forsvara
einskapsskulen og grendaskulane.
- Gå mot bruk av resultatløn for
lærarar, av di det øydelegg motivasjon og hindrar samarbeid.
-
Krevja auka lærartettleik og betre arbeidsmiljø for elevar og lærarar.
-
Slåst for løyvingar som gjer det mogeleg å følgje lovverket.
-
Ta del i dei masseaksjonane som er naudsynte for å forsvara skuleverket
Barnehagar og SFO
Regjeringa meinar
at full barnehagedekning betyr at 80% av borna har eit tilbod. Raudt
meinar at full dekning er 100%. Alle som har behov for barnehage eller
plass i SFO må få lovfesta rett til dette.
Raudt Voss krev:
-
100 prosent dekning for barnehage og SFO.
- Tilbod om
norskopplæring for innvandrarar i barnehagen.
- At alle tilsette i
barnehagar og SFO, uavhengig av utdanning må få tilbod om
tariffavtalar.
- Minimum ein tilsett per fire born i barnehagen.
Omsorg og helse
Dårleg
kommuneøkonomi skal ikkje gå utover at bebuarar på sjukeheim får dekt
sine behov.
Raudt Voss meiner at alle har rett til:
-
Einerom eller å bu saman med den dei ynskjer.
- Å stå opp og
leggje seg når dei ynskjer det.
- Velja sine eigne kle, og elles
alltid bli møtt med respekt og tid.
Mottakarar av kommunen si
heimeteneste har rett til å:
- Bu i sin eigen heim så lenge det
er medisinsk forsvarlig.
- Få hjelp basert på eigne behov, ikkje
kommunen sin økonomi.
- Ha eit fåtal hjelparar å forhalda seg
til.
Tilsette på sjukheimar og i heimetenesta har rett til:
-
Trygge tilsetjingsforhold.
- Ynskt stillingsbrøk.
-
Tilstrekkeleg bemanning kvar dag.
- Mindre grupper faste
pasientar/brukarar per dag.
- Faglege rettleiing.
Samferdsel
Raudt Voss vil arbeide
for betre og meir miljøvenleg samferdsle.
Raudt Voss vil jobba
for:
- Opprusting av Vossebana til timesruter, og høgare
kvalitet.
- Samanhengande sykkelvegnett.
- Betre
transporttilbod for funksjonshemma og alle som ikkje har tilgang til
bil.
- Betre rassikring og trafikktryggleik.
Fattigdom
Fattigdom er diverre eit
tema som får lite fokus på Voss. Det er likevel eit fakum at også i vår
kommune fins bustadslause og fattige. Desse menneska har krav på eit
anstendig liv. Statens institutt for forbruksforskning slår fast at
minimumssatsen ein einsleg person over 25 år treng for å leva eit
anstendig liv er 5750 kroner i månaden. På Voss ligg denne satsen i dag
på 4500 kroner.
Raudt Voss krev at:
- Sosialsatsane vert
auka til Statens institutt for forbruksforskning sine satsar.
-
Det vert bygd fleire billige kommunale bueiningar.
- Fleire
stillingar må opprettast i sosialtenesta og dei førebyggjande tenestene.
Arbeidsliv og næringsliv
Raudt Voss
går mot planane om vidare utbygging av AMFI sitt kjøpesenter i
Haugamoen. Me ynskjer oss eit levande sentrum fritt for spekulative
innrykk av storselskap.
Raudt Voss meiner at:
- Alle
tilsette i kommunen og næringslivet skal kunne leva av inntekta si.
-
Seks timars arbeidsdag bør vera det normale.
- Vangsgata må
gjerast om til gågate så snart det nye parkeringsanlegget står ferdig.
-
Det må verta lettare for folk å skapa sin eigen arbeidsplass.
-
Fagforeiningar og tilsette må i større grad involverast i drifta av
kommunale og private verksemder.
Landbruk
Raudt
Voss er for eit sterkt landbruk som baserer seg på lokale ressursar i
distriktet, og som driv innanfor økologisk forsvarlege rammer. Me meiner
at jord- og skogbruk ikkje berre er viktig for dei som driv i
næringane, men for heile samfunnet.
Raudt Voss vil kjempa for:
-
Auka løyvingar frå staten til primærnæringane.
- At økologisk
jord- og skogbruk vert oppmuntra gjennom særskilde stønadsordningar.
*
Statlege stønadstiltak som kompenserer det bøndene
tapar ved at ein opprettheld levedyktige bestandar av rovdyr.
Kommuneøkonomi
Me meiner at dei
offentlege tenestene er ei berebjelke både for at folk flest kan ha eit
verdig liv, og for at me kan ha eit nokolunde sivilisert lokaldemokrati.
Staten har i årevis tynt kommuneøkonomien, og samstundes er dei
fleste velferdstenestene i dag kommunane sitt ansvar. År etter år har
kommunesektoren fått ein stadig mindre del av kaka. Delen av brutto
nasjonalprodukt som går til kommunane var i 1999 12,8%, i 2005 hadde det
minka til 9,6% M.a. har ordninga med delfinansiering av
utbyggingsprosjekt som omsorgsbustader, sjukeheimsplassar og barnehagar,
ført til store gjeldsbører for kommunane og fylka. Nye reformer må i
framtida fullfinansierast !
Kommunenoreg er prega av: Nedskjering,
privatisering, konkurranseutsetjing, brutalisering av det kommunale
arbeidsmiljøet, senka kvalitet på tenestene, auka eigenbetaling, større
sosiale skilnader.
Kampen for auka løyvingar til kommunane er
difor den viktigaste saka for Voss RV dei neste fire åra. Me
veit at denne kampen berre kan få eit vellukka utfall om vanlege folk
engasjerer seg og organiserer interessene sine utanfor kommunestyra.
Raudt
Voss vil: • At dei Statlege overføringane aukast slik at dei
dekkjer kommunen sine kostnader til lovpålagde oppgåver. • At Staten
slettar gjelda til kommunen. • At kommunen sin del av
skatteinntektene aukast kraftig • At kommunen vedtek budsjett utifrå
befolkninga sine behov for tenesteyting. Kravet til budsjettbalanse kan
ikkje overordnast behovet for gode velferdsordningar. • Kjempe mot
ei utvikling med privatisering og markedsretting av kommunal
forvaltning. • Ha innbyrdes samarbeid mellom kommunane for å hindre
at staten sin spare- og privatiseringspolitikk blir gjennomført. •
At offentlege selskap skal drivast til det beste for folk flest, og
ikkje etter aksjeloven. • gjennom undersøkjingar mellom tilsette og
brukarar i kommunen finna ut korleis tenestene kan bli betre • gå
mot eigedomsskatt på vanlege bustader. • at kommunen skal vera ein
aktiv eigar av eigedom og verksemder • redusera ordførarløna, for å
minka avstanden mellom politikarar og vanlege folk.
|
|
|
| | | |
|